Sunnfjord kommune Sande bu- og miljøteneste
Sande bu- og miljøteneste, yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester. Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den somatiske og psykiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Vi søker etter tilkallingsvikarar for å vikariere ved t.d. sjukdom og feriar.
Vi søker deg som:
- har glede av å arbeide med menneske med samansette behov
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er fleksibel, løysningsorientert og effektiv
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort klasse B
- er ein pådrivar til å aktivisere brukar
Vi kan tilby:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Verne- og sjukepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn under studiet.
Dersom dette er noko for deg, send søknad og cv til havard.besse.berglund@sunnfjord.kommune.no. Her er det førstemann til mølla så det er ingen grunn til å vente.
Politiattest av nyare dato må leverast.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her