Skipsmotormekanikar/matros på sambandet Arsvågen-Mortavika, p.t MF Mastrafjord

  • Heltid
  • RENNESØY, NORGE
  • Publisert: 6 timer siden
  • 20. oktober 2025

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!


Fjord1 søker no etter ein skipsmotormekanikar/matros som kan styrke teamet på eitt av landets mest trafikkerte ferjesamband –  Arsvågen-Mortavika, p.t MF Mastrafjord. 

I denne stillinga er det eit krav om å ha ferdigheitssertifikat som både skipsmotormekanikar og matros. 

Her vil du få ein varierte og spennande arbeidskvardag. Du bør trivast med høgt tempo, ansvar og samarbeide tett med kollegaer. 

 

Kvifor velje oss?

  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Balanse mellom arbeid og fritid: Med ei turnusordning der du jobber 2 veker på og 2 veker av, får du tid til både venner og familie. 
  • Reisekostnader: Til og frå arbeidsperioden blir dekka.
  • Gode velferdsordningar: Muligheta for å leige hytter/leiligheter, treningstøtte og gode rabattordninga.

 

Oppstart januar 2026. 

Arbeidsoppgåver

Skipsmotormekaniker:

  • Gjere seg kjend med sikkerheitsstyringssystemet (ref. utsjekksliste)
  • Gjere seg kjend med utstyr og rutinar i samsvar med «Fartøyhåndbok», «Opplæringshåndbok for redningsutstyr», samt andre handbøker som gjeld st illinga
  • Gjere seg kjend med beredskapsfunksjonen i samsvar med «Alarminstruks»
  • Gjere seg kjend med verne- og miljøarbeid, samt bruk av verneutstyr
  • Utføre maskinvakt og førefallande arbeid om bord
  • Sørge for reinhald og brannforebygging innanfor sitt ansvarsområde og at kjemikalium vert handtert etter prosedyre/forskrift

    Matros:

    • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
    • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
    • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
    • Oppgåver knytt til alarminstruks
    • Verne- og miljøarbeid
    • Kundehandsaming

    Kvalifikasjonar

    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Ferdighetssertifikat motormann/skipsmotormekaniker 
    • Ferdighetssertifikat matros
    • Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Ferdighetssertifikat grunnleggande og vidaregåande IGF
    • Gyldig helseattest
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

    Personlege eigenskapar

    Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert skipsmotormekanikar/matros som trivast med å jobbe i team, og set sikkerheit og service på topp. Vilje til å lære og stå på er og viktige eigenskaper. Om dette beskriv deg som person, tek vi gledeleg imot din søknad.

    Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
    • Fast ansettelse i eit solid og anerkjend rederi.
    • Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av. Ein bur ombord i arbeidsperioden.
    • Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
    • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
    • Treningsrom om bord i fartøyet.
    • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte og gode rabattordningar.
    • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47 88 78 96, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    E39
    5561 Føresvik

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5024332004
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 21.10.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted