Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef på reservefartøyet i sambandet Arsvågen-Mortavika for tida MF Bergensfjord, med base på Garpaskjærskaien i Haugesund.
I denne stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at vår reserveferje alltid er operativ. Du vil yte støtte til driftande ferje ved behov for akutt byte av fartøy, og planlagde verkstedsopphald. I periodar med høg trafikk vil dette fartøyet gå inn i rute saman med dei andre ferjene.
Stillinga gir deg ein variert og utfordrande kvardag, der du får brukt både teknisk kompetanse og praktisk erfaring.
Kvifor velje oss?
- Fleksibel skiftordning: Sjøvakt, 2 veker på og 2 veker av gir en god balanse mellom arbeidstid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Reisekostnader: Reisekostnader til og frå arbeidsperioden blir dekka.
- Gode velferdsordningar: Muligheta for å leige hytter/leiligheter, treningstøtte og gode rabattordninga
Oppstart januar 2026.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
- Oppgåver knytt til alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M1
- Sikkerhetskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat, vidaregåande IGF
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjend rederi.
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av. Ein bur ombord i arbeidsperioden.
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode.
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte og gode rabattordningar.
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47 88 78 96, benedicte.ellingsen@fjord1.no
Arbeidssted
E39
5561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5025131721
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.10.2025