Høgskulen i Volda
Om stillinga
Høgskulen i Volda søkjer etter ein stipendiat ved Avdeling for Samfunnsfag og historie, Institutt for sosialfag (ISF). I PhD-prosjektet vil stipendiaten studere dei fysiologiske og psykologiske effektane av termoterapi (e.g. sauna) og uthaldstrening innan forebyggande folkehelse.
Stipendiatstillinga er ei utdanningsstilling som først og fremst skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål.
Stipendiatstillingane er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.
Stipendiatane vert tilsette for ein periode på tre år med rein forskarutdanning, eller fire år med forskarutdanning og 25 prosent karriereutviklande arbeid. Arbeidet kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Slikt arbeid vil vere relevant for doktorgradsarbeidet. Ordninga med fire år utdanningsløp må avtalast særskilt med avdelingsleiinga ved tilsetting. Tidpunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen.
Arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.
Eit vilkår for å starte i stillinga er opptak i doktorgradsprogrammet i helse og sosialfag ved Høgskulen i Volda / Høgskolen i Molde. Dokumentasjonen på opptak i doktorgradsprogrammet må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stipendiatstilling. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. Vilkår for opptak til doktorgradsprogrammet går fram i Utfyllende retningslinjer for ph.d.-studium i helse- og sosialfag som du finn her
Om prosjektet:
Depressive lidingar og demens aukar i forekomst. Fysisk aktivitet verkar å ha effekt i å forebygge og behandle desse hjernesjukdomane, men for uføre, gamle, og umotiverte kan det å starte med trening være vanskelig. Termoterapi (e.g. sauna) gir kanskje mange av dei samme gunstige fysiologiske effektane som trening, og kan være eit alternativ for å betre fysisk og psykisk helse for uføre, gamle og umotiverte. Prosjektet utforsker effektar av trening og termoterapi i førebygging og styrking av folkehelse gjennom ei større intervensjonsstudie i regionen.
Fysiologiske data og kunstig intelligens nyttast for å bygge modellar som kan forutsjå, forebygge, diagnostisere og foreslå behandling for depresjon, demens og komorbiditeter. Prosjektet er eit samarbeid mellom HVO og helseforetak i regionen.
Kvalifikasjonar
Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning som er relevant for utlysinga innanfor helsefag, psykologi, medisin, biologi, idrettsvitskap eller liknande, og normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT. Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevante for fagområda til stillinga, vil også bli vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring frå undervisning.
Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere nytenkande og kreativ. Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.
I tillegg er det gunstig om du kan vise til ein- eller fleire av dei følgande:
- Erfaring frå laboratoriearbeid, innsamling og analyse av fysiologiske data
- Erfaring med studier med deltakarar/informantar
- Erfaring med statistiske analyser og programmering i Python/Matlab/R/SPSS
Om ph.d.- programmet i helse- og sosialfag: Profesjonsutøving; vilkår og utvikling
Høgskulen i Volda og Høgskolen i Molde tilbyr i fellesskap doktorgradsutdanninga Helse- og sosialfag: Profesjonsutøving – vilkår og utvikling. Programmet er tverrprofesjonelt og tverrfagleg. Utdanninga rettar seg mot alle profesjonar i helse- og sosialsektoren, og inkluderer bidrag frå fleire vitskapsdisiplinar. Programmet har eit breitt fagleg fellesskap av kandidatar og rettleiarar. Våren 2025 var 38 kandidatar tatt opp på programmet Doktorgradprosjekta i utdanninga nyttar både kvantitative og kvalitative metodar og ‘mixed methods’. Doktorgradsprogrammet er eit tilbod til kandidatar som har relevant fagbakgrunn og master / hovudfag. Les meir om ph.d. programmet her.
Vi tilbyr
HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei spanande og viktig verksemd. Avdelinga for samfunnsfag og historie har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling. Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt. Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, stillingskode 1017 Stipendiat. Startlønn er kr 550 800 og automatisk lønnsutvikling i inntil 4 år med 3 % årlig stigning.
Generell informasjon
Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden: vitnemål og attestar, CV, masteroppgåve, eventuelle andre vitskaplege arbeid og prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten.
Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søkjarane blir vurderte av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga. Søknader frå klart ikkje-kvalifiserte søkjarar blir ikkje sende vidare til vurdering i sakkunnig utval
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til: Øyvind Arne Høydal, e-post: oyvind.arne.hoydal@hivolda.no mobil: 416 04159; Finn Ove Båtevik, e-post finn.ove.batevik@hivolda.no, tlf. 70 07 52 13, instituttleiar ved ISF, Jorunn Sem Fure, e-post: jorunn.sem.fure@hivolda.no, tlf. 97 79 71 94, dekan ved ASH
Om instituttet
Institutt for sosialfag er eit institutt ved Avdeling for samfunnsfag og historie. Institutt for sosialfag har 23 tilsette i faste vitskaplege stillingar og per i dag 12 stipendiatar. Ved instituttet er det i alt omlag 500 studentar. Instituttet har ansvar for to bachelorprogram i sosialt arbeid: barnevernspedagog og sosionom, med meir enn 300 studentar fordelte på tre studieår. Instituttet tilbyr mastergradutdanning i helse- og sosialfag, med vel 100 studentar. Innhaldet i mastergraden er omtalt i studieplanen. Alle emna i masterprogrammet og vidareutdanningstilboda er samlingsbaserte. Hausten 2023 starta instituttet mastergradutdanning i barnevernsarbeid. Innhaldet i mastergraden er omtalt i studieplanen. Om avdelinga Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1350 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).
Studiebygda Volda
Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.
Les meir på www.hivolda.no
Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc