Kyrkjeverje

  • Heltid
  • STOREBØ, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 31. oktober 2025

Austevoll sokneråd

Austevoll sokneråd i Fana prosti, i Bjørgvin Bispedømme, har ledig 100% stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar. Austevoll sokn har eit sokneråd som også har fellesrådsfunksjon. Stillinga er ledig frå 01.03.2026.

Austevoll kommune er ein kystkommune, ein times reise sør for Bergen. Kommunen har ca 5500 innbygjarar. Folketalet er aukande og kommunen utmerkar seg med eit aktivt næringsliv, vakker natur med mogelegheit for eit rikt og variert friluftsliv og med gode oppvekstvilkår.

I soknet er det 5 kyrkjer, 1 kapell og 11 gravplassar. Soknet har 7 kyrkjeleg tilsette og ein sokneprest.

Kyrkja i Austevoll er ein kyrkjelyd i vekst. Folk er flink å støtte opp om gudstenester, tiltak, arrangement og alt vi held på med. Dette gjer Austevoll kyrkjelyd til ein intressant og utfordrande arbeidsplass.

Me søkjer ein engasjert, utadvendt og samlande person som kan bidra til å inspirere, motivere og videreutvikle det flotte arbeidet vi gjer i Austevoll kyrkjelyd.

Arbeidsoppgaver

  • Dagleg leiar for fellesrådet og soknerådet si verksemd
  • Sakshandsaming og sekretær for fellesråd/sokneråd
  • Personalansvar for tilsette
  • Økonomi og administrasjon
  • Drift og vedlikehald av kyrkjer og gravplassar
  • Redaktør for kykjebladet
  • Kontakt og samarbeid med kommunen, prest, prost og andre samfunnsaktørar

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning/realkompetanse innan kyrkjefag, økonomi, administrasjon og personalleiing
  • Kjentskap til kyrkjeleg verksemd
  • Gode IKT ferdigheter
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Beherske begge målføre
  • Relevant praksis kan kompensere for manglande utdanning

Personlige egenskaper

  • Personlege eigenskaper vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Engasjerte medarbeidarar
  • Løn etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsavtale i KLP
  • Grunnkurs for kyrkjeverger

Kontaktinformasjon

Karen Kvinge, Kyrkjeverje, 99291547
Tor Håkon Eiken, Sokneprest, 47232701

Arbeidsstad

Prestanesvegen 41
5392 Storebø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Austevoll sokneråd

Referansenr.: 5024168016
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.11.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted