Psykiatrisk klinikk/ Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen HF
Avdeling spiseforstyrringar har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanse-utvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Vi har ledig 15% fast helgestillingar kvar 4. helg. Stillingane er ledig frå 01.12.2025. Høyrest dette interessant ut oppfordrar vi deg til å søke!
Arbeidsoppgåver
- Du må ha interesse for, og gjerne erfaring frå arbeid med spiseforstyrringar og psykisk liding
- Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner og personlege eigenskapar
Kvalifikasjonar
- Relevant sjukehuserfaring er ønskjeleg
- Må meistre norsk både munnleg og skriftleg svært godt
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Ivareta eigne oppgåver og ansvarsområde på ein sjølvstendig måte
Vi tilbyr deg
- Eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tor Egil Pettersen, Seksjonsleiar, 55974519
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 15
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4997255986
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.12.2025
Søknadsfrist: 31.10.2025