Øygarden kommune Kvednatunet
Er du vår nye kollega og ønskjer å jobbe innan demensomsorg?
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgnstenester for personar med demensdiagnosar. Huset består av 40 leilegheiter fordelt på 4 bufellesskap. Her er det stor tverrfaglegheit med lege tre dagar i veka, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, servicearbeidar, miljøarbeidar og musikkterapeut med fleire, for å prøve dekkje bebuarane sine behov.
Vi har no ledig 2 vikariat mellom 20-25%
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg
- Helsefaglege oppgåver, som stell og pleie og miljøarbeid,
- Ivareta pasientane sine individuelle behov.
- Dokumentasjon
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Autorisasjon: helsefagarbeidar
- studentar innan helse erfaring frå eldre omsorga, kan verte vurdert om ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Ønskjeleg med:
- Ønsker og jobba med demente
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Gode samhandlingsferdigheiter
- Evne til å takla stress og hektiske situasjonar når det er naudsynt
- Fleksibel
- Bidreg til godt arbeidsmiljø ved å fremme det positive
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Bodil Janne Giil avdelingsleiar 91673032
Beate Lønningen avdelingsleiar 916 73 031
Ingrid-Alice Ingebrigtsen Einingsleiar 97537243
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her