Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde
Er du spesialsjukepleiaren som likar varierte arbeidsdagar med spenning og fagleg innhald? Då kan du vere vår nye kollega! Hos oss får du litt av alt.
Om sjukehuset og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod.
Om avdelinga
Medisinsk sengepost er ein heildøgns sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon.
Om stillingane
Vi tilbyr to faste stillingar som spesialsjukepleiar ved medisinsk sengepost: :
- 100% frå 01.12.2025
- 80% frå 01.11.2025
Arbeidsoppgåver
- Mottak, overvaking og oppfølging av pasientar
- Tverrfagleg arbeid knytt til pasientoppfølging
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
- Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS Arena og Meona
- 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg
- Moglegheit for langvakter kvar 3.helg / 4.helg etter ulike avtalar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter spesialsjukepleiar (intensiv/anestesi) eller sjukepleiar med ønskje om å ta vidareutdanning innan intensiv/anestesi
- Erfaring frå intensiv/intermediær overvakingsavdeling er ønskjeleg
- Det er ønskjeleg med relevant kunnskap innan medisinsk teknisk utstyr og IKT-system
- Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
- Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Evne til systematisk arbeid
- Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Katrine Holmøy Holvik, Einingsleiar, +47 916 97 445, holkat@ihelse.net
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, +47 932 90 198, hilde.manseth.bjorhovde@helse-forde.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5023204217
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Startdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 17.10.2025