Kinn kommune
Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen? Nordfjordnett er på jakt etter ein IT konsulent som brenn for IT, og som ønsker å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord.
På avdelinga vår Server og applikasjon driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IKT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Avdelinga er også sentral i digitaliseringa av kommunane og deltek i ein rekke prosjekt. Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid.
Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.
Arbeidsoppgåver
- Implementering, drift og vedlikehald av IT system og IT utstyr
- Herding og sikring av IT utstyr/endepunkt
- Utføre sikkerheitsvurderingar og identifisere potensielle risikoar og sårbarheiter i kommunane sine IT system, samt foreslå / gjennomføre tiltak for å minimere risiko
- Vere ein ressursperson i teamet på fleire av våre tenester, og bidra aktivt til kompetansedeling internt
- Teknisk rådgjeving
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg som har lang erfaring frå eitt eller fleire av desse områda:
- Intune
- IT-sikkerheit og risikobasert tenking som drift og oppfølging av antivirus, MDR- og SOC-tenester
- Sentralisert drift, operativsystem, plattformer og enheter (PC, mobil, nettbrett)
- Bygge løysingar på Microsoft 365-plattformen, MS Entra ID
- Drift av kommunale fagsystem (sak/arkiv, helse/lege)
Du må ha:
- Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
- Gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du må ha gode analytiske evner og ei genuin interesse for IT og teknologi
- Du er ansvarsbevisst med fokus på sikkerheit og kvalitet
- Du er omgjengeleg, har godt humør og er serviceinnstilt
- Du jobbar godt i team, men også sjølvstendig
- Du er omstillingsdyktig og endringsorientert
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
God opplæring og jamlege fagøkter
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet
Kontaktinformasjon
Willy Nordpoll , Dagleg leiar, +47 97519520
Anne Ruth Botn Bjørlo, Assisterande dagleg leiar, +47 91809077
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommune
Referansenr.: 5024149191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.10.2025