Forsyningsenhet
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje stilling som fagarbeidar innan logistikk i helsevesenet!
Vår forsyningseining ser etter 2 fagleg engasjerte og serviceinnstilte kollegaer til teamet vårt – kanskje er det deg vi leitar etter?
Forsyningseininga sørgjer for det meste av logistikk av eingongsutstyr og forbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av til ei kvar tid. Her behandlar me førespurnader om nye varer, tek varemottak, følgjer opp ordrar og forsyner avdelingane med varer til bruk i pleie. Me arbeider i kulissane, men jobben vår spelar ei viktig rolle i pasientbehandlinga. Vår avdeling består av to hovudlager; eit sterilt lager som inneheld eingongsutstyr i steril forpakning, og eit sentrallager som inneheld alt frå kopipapir til gipsutstyr.
Arbeidsdagen vår er kun på dagtid (måndag til fredag), og me ladar batteria på ettermiddagane og i helgene. Me er innom fleire avdelingar på sjukehuset dagleg, og det er ein føresetnad at du er aktiv og likar å ta i eit tak. Du får ein god (og betalt) trim kvar dag ved å jobbe hos oss!
For å passe i rolla er det viktig at du er engasjert, har digital forståing og er lærevillig. Me utfører ulike arbeidsoppgaver og er ein driftig og endringsvillig gjeng. Det passar oss ypperlig om du også brenn for orden, system og forbetring! Me høyrer gjerne på di meining og er inkluderande.
Pasientane og avdelingane våre er i fokus og du må forstå viktigheten med pasientbehandlinga og ønske å yte den beste kvaliteten i arbeidet hos oss.
Kva går jobben ut på?
Arbeidsoppgåvene du kjem til å utføre er blant anna:
- Bruk av innkjøps- og logistikksystem Libra (SAP)
- Endringar i system knytt opp mot ulike behov på avdelingane
- Deltakande og engasjert i forbedringsarbeid internt og regionalt
- Skanning, plukk og utlevering av varer fra våre lager til avdelingane
- Sørge for orden og vedlikehold på våre egne lagerområde samt lager på avdelingane
- Varemottak, registrering av pakker og leveranser
Endringar i arbeidsoppgåvene kan forekomme.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev innan helse og/eller logistikk. Ønskelig at du har kjennskap til helse og omsorgssektoren
- Digital kunnskap og erfaring. Me bruker Microsoft 365, Libra (SAP) for det aller meste. Du vil få innføring i arbeidsverktøy me bruker dagleg
- God forståing innan hygiene
- God forståing for vareflyt og lagerlogistikk. Ønskelig fra helsesektor men du blir også vurdert om du har anna logistikk erfaring.
- Førerkort kl. B er eit ønske, men ikkje eit krav
- Gode norskkunnskaper muntlig og skriftlig. Gjerne kunne snakke og forstå engelsk då me av og til er i kontakt med fleirspråklege transportører
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Er engasjert og er ein god og hjelpsom kollega
- Ivaretar dei rundt deg ved å vere påliteleg og arbeidssom
- Er strukturert og initiativrik
- Er ansvarsbevisst
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Er i god form til fysisk arbeid
- Er serviceinnstilt og lærevillig i arbeidsverktøy me nyttar
Kvifor skal du velje oss?
- Eit unikt kollegateam med varme, inkluderande og dyktige kollegaer
- Arbeidstid på dagtid der du har fri på kveldane og i helgene
- God og betalt trim i løpet av arbeidsdagen
- Inkluderande miljø der ein ønsker å høyre kvarandre sine meiningar og forbetringsforslag
- Økt forståing i sjukehuslogistikk
Kontaktinformasjon
Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, + 47 40613860
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5022870385
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 17.10.2025