100% fast vikariat som koordinator for funksjonshemma

  • Heltid
  • LÆRDAL, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 25. oktober 2025

Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Bu- og miljøtenesta yt heildøgnsomsorg og tenester til menneske med utviklingshemming og menneske med psykiske lidingar og/eller rusliding. Tenesta er tilpassa den eisnkilde sitt behov og tenesta vert gitt i heimen til den einskilde, på jobb og i fritida.

Arbeidsoppgåver: 

  • Generell saksbehandling og vedtak 
  • Koordinatoransvar for born, vaksne og eldre med funksjonshemming. Delta i ansvarsgrupper knytt til den enskilde brukar 
  • Samarbeide opp mot ulike tenester og spesialisthelsetenesta 
  • Ansvarleg for fritidskontakt, BPA, avlastning og omsorgslønn 
  • Superbrukar på Gerica og Samspill 

Krav til utdanning og kompetanse: 

  • 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag. Lang erfaring innan sakshandsaming kan kompenserast for manglande utdanning
  • Relevant erfaring frå kommunal sakshandsaming vil vera ein fordel 
  • Kunnskap om relevant lovverk 
  • God digital kompetanse 
  • Kjenna til journalsystemet Gerica 

Personlege eigenskapar: 

  • Jobba sjølvstendig 
  • Gode samarbeidsevner 
  • Arbeida målretta, systematisk og strukturert 
  • Gode norskkunnskaper og god framstillingsevne 

Lønnsvilkår:

  • Lønn etter tariff
  • 2 % pensjonsinnbetaling til KLP

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted