Lærlingsjef – 80 % prosjektleiarstilling

🌟 Vil du bli Lærlingsjef for framtida i Vang? 🌟

Er du den som får folk til å møtast, bygge idéar og skape noko større enn seg sjølv? Har du lyst til å vere motoren bak ei heilt ny satsing som skal gjere Vang til den kulaste bygda å lære, leve og utvikle seg i? Då er dette jobben for deg!

Om Futurizing Vang
 Vi er eit framtidsretta prosjekt som vil løfte Vang til nye høgder – som føregangsbygd for lærlingar, rekruttering og samfunnsutvikling. Her skal unge få sjansen til å vokse, lære og bidra – i tett kontakt med både natur, næringsliv og fellesskap.

Di rolle – Lærlingsjef
Du skal leie prosjektet, drive det framover og vere limet som held alt saman. Kort sagt: sjefen som gjer at ting faktisk skjer!

🤝 70-80 % stilling i perioda, etter kva du sjølv ynskjer.

📅 Tiltreding er så raskt som mogleg og fram til 30. juni 2026, med eventuell moglegheit for forlenging.
👉 Klar til å ta styringa? Søk no – og bli lærlingsjef for framtida i Vang!

Oppgåver du får bryne deg pår

  • Bygge bruer mellom kommune, bedrifter, skule og frivillige
  • Lage eit miljø der lærlingar trivst – både på jobb og på fritida
  • Synleggjere Vang som ein attraktiv lærlingstad gjennom kommunikasjon og marknadsføring
  • Styre framdrift, budsjett og rapportering
  • Starte og drive prosjekt som gjer bygda meir berekraftig og framtidsretta

Vi treng ein som:

  • Er engasjert, motiverande og får andre med deg
  • Er flink til å bygge relasjonar og knyte folk saman
  • Har orden og struktur, men òg nok kreativitet til å sjå nye løysingar
  • Har arbeidserfaring
  • Har erfaring frå samarbeid på tvers
  • Har førarkort klasse B og bil til disposisjon
  • Kjenner til bygda og bedriftene her
  • Minimum har vidaregåande utdanning

Vi tilbyr deg:

  • Løn etter tariff, og arbeidsvillkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Tilsetjing på ordinære villkår som til eikvar tid gjeld i kommunal sektor  

🏠 Kommunalt tilsetjing og kontorplass på Vang kommunehus

🚀 Ei nøkkelrolle i eit prosjekt som set Vang på kartet
 🌍 Moglegheita til å påverke framtida for unge, næringsliv og lokalsamfunn
 🤝 Eit breitt nettverk i og utanfor kommunen
 🕶 Fleksibilitet, konkurransedyktige vilkår – og masse rom for å vere kreativ

 

Kontaktinformasjon

Joanke Tito, Rådgjevar Helse og omsorg, 95404279, Joanke.Tito@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 5024142759
Stillingsprosent: 80%
Engasjement
Søknadsfrist: 19.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted