Habilitering rehabilitering, Stranda kommune
Eining for habilitering/ rehabilitering yter miljøterapeutiske tenester til personar med samansette behov. Målet med all habilitering/ rehabilitering er at tenestemottakaren skal oppnå el. vedlikehalde eit best moglegfunksjons- el. meistringsnivå. Eininga består av Langlobøen aktivitetssenter, 4 bufellesskap, avlastningstiltak, støttekontakter og ROP (rus og psykiatri)-tenester.
Vi har ledig 100% fast stilling som fagarbeidar frå snarast.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato.
Arbeidsoppgåver
- Etablere og vedlikehalde gode relasjonar
- Etablere og vedlikehalde gode rutinar for miljøterapeutisk arbeid
- Ha evne til å styrke brukarane si mestringsevne
- Vere deltakar i å fremme eit godt, trygt og forutsigbart arbeidsmiljø
- Delta aktivt i fagutviklinga i eining
- Fagsystema som blir nytta er Profil, Compilo og SamPro
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg er eit krav
- Førarkort kl. B
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan søkjarar med anna relevant utdanning/praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting
Personlege eigenskapar
- Tålmodig, trygg og roleg, omgjengeleg og serviceinnstilt.
- Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og i team
- Du er fleksibel og handterar at arbeidsdagen er uforutsigbar
- Du har fokus på kvalitetsarbeid og utvikling av gode tenester
- Omgjengeleg og serviceinnstilt
- Du er ein god rollemodell
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver i tverrfagleg teneste
- Tverrfagleg samarbeid
- Godt arbeidsmiljø
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon for nytilsette Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Offenteleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Stine Fjørstad, Fagleiar, 93474099
Helene Rimstad, Einingsleiar, +47 46411059
Arbeidsstad
Kyrkjegata 13
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5024161072
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2025