Undervisningsstilling helse-og oppvekstfag – vikar

  • Heltid
  • OLSVIK, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 18. oktober 2025

OPK-OL - Olsvikåsen vgs, Vestland fylkeskommune

Skulen har om lag 550 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening og arbeidstrening.

Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved  foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med  gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.

På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.

Du kan lese meir om oss her

Arbeidsoppgåver

Undervisning på helse og oppvekstfag og barne og ungdomsarbeidar/ Helsefagarbeidar.

Det ligger kontaktlærer til stillingen.

Kvalifikasjonar

  • yrkesfaglærar med fagbrev som barne og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
  • høgare utdanning innan Helse- og oppvekstfag som til dømes barnehagelærar, vernepleiar, sjukepleiar
  • godkjent pedagogisk utdanning
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng.

Personlege eigenskapar

  • ein må vere løysingsoritert og setje fagleg utvikling høgt
  • vi ser etter deg som er god til å danne relasjonar med ungdom og kan samarbeide godt med andre i organisasjonen
  • relevant praksis innan fagområda vil bli vektlagt
  • gode IKT- ferdigheiter
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

  • eit aktivt og stimulerande fagmiljø
  • ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
  • løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

 

 

Kontaktinformasjon

Snorre Loeng, avdelingsleiar, +4755511416, snorre.loeng@vlfk.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5021294789
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 19.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted