Spesialkonsulent

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 13. oktober 2025

Fagskulen Vestland, Vestland fylkeskommune

Med om lag 1900 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette.

Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Om stillinga

Fagskulen Vestland søker etter ein ny medarbeidar i 100 % fast administrativ stilling ved studiestaden Førde. Vi ser etter deg som har studieadministrativ erfaring, og som arbeidar sjølvstendig og systematisk med oppgåvene. Personen som blir tilsett skal gje administrativ støtte til utdanningsleiar ved utdanningane, og bidra til god kvalitet i oppfølging av studentane. Stillinga er ein del av administrasjonen ved Fagskulen Vestland med 12 medarbeidarar.

Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

 

Arbeidsoppgåver

  • Administrativt arbeid knytt til skoleårsplanlegging, vurdering (eksamen), revidering av studieplanar med vidare
  • Sakshandsaming og klagehandsaming knytt til forberedelse og gjennomføring av vurdering
  • Rettleiing av studentar
  • Bidra til utvikling og evaluering av studietilbod
  • Opptak
  • Utarbeiding og oppfølging av studentinformasjon
  • Administrative driftsoppgåver knytt til studiestaden, som for eksempel svare på førespurnader frå studentane, bidra med støttefunksjonar til tilsette, arrangementsstøtte med vidare
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • 3-årig relevant høgare utdanning på universitets- og høgskulenivå (lang relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning)
  • Relevant arbeidserfaring
  • Kjennskap til studentadministrative system, LMS og liknande er ein føremon
  • Gode IKT kunnskapar
  • God skriftleg framstillingsevne 

Personlege eigenskapar

  • Har gode samarbeidsevner
  • Er initiativrik og sjølvstendig
  • Trivst med utfordringar
  • Nøyaktig og systematisk

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og godt arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk

Kontaktinformasjon

Hege Aarethun, administrasjonsleiar, +47 99509287

Arbeidsstad

Øyrane 12
6800 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5022927512
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted