Støttekontakt

  • Heltid
  • SVELGEN, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 25. oktober 2025

Open omsorg indre, Bremanger kommune

Vi søkje ein trygg, engasjert og omsorgsfull person som ynskjer å vere støttekontakt for ei livlig og glad jente. Ho bur saman med familien sin og treng ein fast person ein ettermiddag i veka for sosialt samvær, leksehjelp og følgje til fritidsaktivitet/trening.

Arbeidsoppgåver

  • Tilbringe tid med jenta gjennom leik, samtalar og aktivitetar
  • Gje enkel hjelp med leksene
  • Følgje og vere med på trening eller annan organisert aktivitet
  • Bidra til meistring, tryggheit og sosial utvikling

Vi ser etter deg som

  • Er tålmodig, pålitelig og har eit varmt hjarte for barn
  • Har erfaring med barn, gjerne med utviklingshemming, men det er ikkje eit krav
  • Er minst 18 år
  • Har evne til å skape tryggheit og vere ein god rollemodell
  • Er stabil og ynskjer å binde seg for ein lengre periode

Praktisk informasjon

  • Oppdraget er ein fast ettermiddag i veka (dag og tidspunkt avtalast nærmare)
  • Oppstart: etter avtale
  • Oppdraget er lønna gjennom kommunen
  • Rettleiing og oppfølging vil bli gitt ved behov

Er dette noko for deg, eller ynskjer du meir informasjon?

Ta kontakt med sakshandsamar Hege Rosvoll tlf.95982933 , mail: hege.rosvoll@bremanger.kommune.no for ein uforpliktande prat.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktinformasjon

Hege Rosvoll, Leiar koordinerande eining, +47 95982933

Arbeidsstad

Granden 1
6723 Svelgen/Davikområdet

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5002843000
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 26.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted