Teknisk, Bremnes Seashore, Prosess
Gjennom fokus på fiskevelferd og kontinuerleg satsing på innovasjon og ny teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen, har vi gått i bresjen for å heve kvaliteten på norsk oppdrettslaks. Resultatet er merkevarer som er etterspurde over heile verda. For å halde oss i tet treng me stadig påfyll av nytenkande og engasjerte medarbeidarar.
Vi har bygd ut foredlingsfabrikken vår, noko som gjer oss i stand til å produsera større volum ved å nytte moderne og berekraftige produksjonsmetodar, samstundes som me aukar verdiskapinga og ringverknadane frå drifta vår. Vi har derfor behov for å styrke teknisk avdeling, og søkjer nå etter ein omgjengeleg, teknisk interessert og dyktig fagperson. Som teknikar vil du vere ein viktig del av vedlikehaldsteamet vårt som sørger for drifta ved fabrikkanlegget i Øklandsvågen.
Verdiane våre er utvikling – truverd – arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver
- dagleg vedlikehald, reparasjonar og førebyggande vedlikehald på teknisk utstyr
- sikre høg oppetid på prosessavdelinga, samt minimere driftsstans
- oppfølging av avdelinga sitt vedlikehaldssystem
Stillinga inngår i skiftordning ved teknisk avdeling. I skiftordninga inngår dag- og kveldsarbeid, samt friveker.
Kvalifikasjonar
- teknisk fagbrev (automatikar, elektrikar, mekanikar, automasjonsmekanikar e.l.)
- relevant arbeidserfaring
- fokus på HMS og kvalitetsarbeid
- gode norsk og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- arbeidsam, strukturert og sjølvgåande
- gode evner til å prioritera i både travle og rolege periodar
- nysgjerrig på korleis maskinar og prosessar fungerer
- skapar godt samarbeidsklima og bryr deg om arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- ei spennande rolle i eit av dei mest innovative selskapa i bransjen
- konkurransedyktige vilkår og høve til å utvikle deg både personleg og fagleg
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- firmahytter i Røldal, Voss og Spania
Ved spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Odd Kristian Habbestad (fung.Teknisk sjef) på telefon 91865877
Kontaktinformasjon
Odd Kristian Habbestad, Teknisk sjef, +47 91865877
Arbeidsstad
Øklandsvegen 90
5430 BREMNES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremnes Seashore
Referansenr.: 5021457136
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025