Stord kommune
Vil du vera med å utvikla eit råd for samarbeid og involvering mellom pasientar, pårørande og kommunen?
Stord kommune startar no opp eit spennande prosjekt for å styrka samhandlinga mellom helsetenestene og brukarane sitt nettverk. Målet er å mobilisera breiare og skapa eit meir heilskapleg og berekraftig støtteapparat rundt pasientar og pårørande. Mange pårørande står i ein krevjande kvardag – og me trur at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko.
Stord kommune søkjer prosjektleiar i 100% som Nettverkskoordinator for <<Råd for involvering og samarbeid>>, frå snarast og ut 2027.
Stillinga er organisatorisk knytt til Tildelingskontoret
Om stillinga:
Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert prosjektleiar som vil vera med å utvikla, gjennomføra og koordinera ein modell for <<Råd for involvering og samarbeid>>. Du vil få ansvar for å etablera ein systematisk metodikk for samarbeid mellom helsetenestene, pasientar, pårørande og deira nettverk — med mål om å skapa eit forventningsavklart og forutsigbart samarbeid. Du vil få oppgåver på både operativt og system nivå.
Arbeidsoppgåver:
· Utvikling og koordinering av metodikk for involvering og samarbeid
· Etablering og drift av <<Råd for involvering og samarbeid>>
· Samarbeid med ulike aktørar i helsetenestene og brukarane sitt nettverk
· Strategisk og operative oppgåver
· Forvaltningsoppgåver
Kvalifikasjonar:
· Høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag
· Andre med helseutdanning er også velkommen til å søkja
· Erfaring med prosjektleiing og utviklingsarbeid er ei føremon
· Leiarerfaring og leiareigenskapar
· Erfaring med og resultat gjennom å nytta metoden "motiverande intervju" er relevant.
Personlege eigenskapar:
· Gode samarbeidsevner og evne til å jobba tverrfagleg
· Interesse for brukar- og pårørandeperspektivet i helsetenestene
· Gode kommunikasjonsevner
· Du må vera fleksibel, løysing- og resultatorientert
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Kontaktperson: Einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 69 01/975 52 048