Maskinsjef – ansvar for reservefartøy.

  • Heltid
  • HORDVIK, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 8. oktober 2025

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Er du klar for ein spanande og allsidig jobb der du vil være med på å sikre at våre ferjer alltid er klare for oppdrag? Då vil vi gjerne høyre frå deg. 

 

Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vår målsetting er å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei interessant moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy i "gamle" Hordaland. For tida omfatter dette MF Sogn, MF Lifjord og MF Solskjel, med opplagskai på Steinestø ferjekai, 25 minutter nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

Som maskinsjef på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring.

Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og  ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land. 

Fordelar med stillinga:

  • Fast turnus: 2 veker på og 2 veker av – 84 timar per veke.
  • Gode kollegaer: Jobb saman med engasjerte og dyktige sjøfolk.
  • Spanande og variert arbeid: Utfordringar som gjer fagleg vekst.
  • Reise til/ frå vert dekka over 15 km.

Kandidatar blir vurdert fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Ansvar for drift og vedlikehold av teknisk utstyr, oppfølging av vedlikeholdssystem, planlegging av verkstedsopphold, bunkring og budsjett. 

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Allsidig erfaring som maskinsjef
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne til å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen!

Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad!

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn etter tariffavtale mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast ansettelse i eit solid og anarkjent selskap
  • Eit triveleg arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på, 2 veker av – 84 timar per veke, noko som gir deg god tid til både arbeid og fritid.
  • Reise dekt over 15 km.

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv269
5108 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5020410584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted