2 gangs utlysing 3×100% sjukepleiar

  • Heltid
  • HARØY, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 8. oktober 2025

Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 3×100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim, bemanna bufellesskap, heimesjukepleie.

Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.
Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientnært arbeid
  • Primærkontakt oppgåver
  • Inngå i sjukepleiegruppa i omsorgsdistriktet, og bakvaktsamarbeid
  • Ivareta oppgåver og prosedyrer knytt til stillinga som sjukepleiar
  • Rettleiing og opplæring av anna personale, studentar og pasient/pårørende
  • Samarbeide med tilsynslegar, sjukehus og anna tverrfaglig samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets
  • nivåskala (CEFR)
  • Det er krav om tilfredsstillande MRSA-, politi, og tuberkulinattest.
  • Beherske dei vanligaste IKT-verktøya
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personlige eigenskapar i tråd med kommunen sine verdiar: open, engasjert og modig.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner (munnleg og skriftleg)
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Vilje til å stå på for gode tenester
  • Bidra til å skape ein trygg og meiningsfylt kvardag for pasientane
  • Fokus på godt pårørande samarbeid
  • Du må vere strukturert og løysingsorientert
  • Ha interesse og gjerne erfaring frå eldreomsorgen
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskaper blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
  • Kompetanseheving og fagutvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjonsordninger
  • Økonomisk rekruteringstiltak sjukepleiarar
  • Ordning for å dekke bompenger Nordøyvegen

Kontaktinformasjon

Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, renate.finnoy@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Austrevegen 11
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5020490203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted