Sjukepleiarar

Hyllestad kommune Omsorgstenestene

Vi søkjer etter sjukepleiarar til omsorgstenestene, faste 100 % stillingar

Kvifor søkje hos oss?

  • Interessante, spennande, meiningsfulle og varierte oppgåver ventar på deg
  • Du kan utgjere ein forskjel og vere med å skape gode dagar for pasientane våre, både i heimetenesta og ved sjukeheimen
  • Du får samarbeide med kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
  • Moglegheit til å påvirke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
  • 3-delt turnus. Per i dag har vi årsplan med moglegheit for å gå langvakter

I tillegg vert du medlem i KLP Sjukepleiarordning, ei av landets beste pensjonsordningar.  Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP

Kvifor Hyllestad?

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.  Og – her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små, rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo

Hyllestad er ein av kommunane der du får sletta 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år til dess det er nedbetalt. Du må vere busett i Hyllestad, og vere yrkesaktiv, i minst eitt år før ordninga vert gjeldane.

Som sjukepleiar vil dine daglege arbeidsoppgåver mellom anna vere:

  • Bidra til å sikre forsvarlege pleie og omsorgstenester, og at oppgåver vert utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • Yte nødvendig helsehjelp
  • Medikamenthandtering
  • Oppfølging av individuelle planar, inkl. primærkontaktansvar, journalføring
  • Bidra til fagleg utvikling av tenesta
  • Oppretthalde eit godt samarbeid med bebuarar, pårørande, kollegaer og andre faggrupper
  • Rettleiing for studentar og andre
  • Halde deg fagleg oppdatert på eige fagområde og interne rutinar

Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.

Du må ha

norsk autorisasjon som sjukepleiar og beherske norsk godt. Om du har vidareutdanning eller erfaring innan områda kreft, palliasjon, e-helse, rettleiing, diabetes, sårbehandling eller psykiatri ser vi det som ein fordel, men det er ikkje eit krav.  

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert sjukepleiar som ønskjer å levere tenester av høg kvalitet. Om du har evne til å gje omsorg og tryggleik, har eit heilheitsblikk, samt er motivert for å arbeide med eldre og sjuke pasientar, då er du nok den rette nye medarbeidaren for oss!

For å arbeide i heimesjukepleien er det naudsynt med førarkort for personbil, vi har eigne bilar til disposisjon i arbeidstida. Heimetenestene er lokalisert i same bygg som institusjon og det er ynskjeleg at ein som tilsett er fleksibel og kan ta vakter på båe stadar.

Tilfredsstillande politiattst må leverast før tiltreding, samt eigenerklæring om smittevern.

Kontakt

Fleire opplysningar om stillinga kan du få av kst. einingsleiar omsorg Hilde Håvåg, telefon 404 14 761, eller personalrådgjevar Unni Systaddal, tlf.481 79 160.

Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse – samstundes som dei vil lære av deg.   

 

Vi ser fram til din søknad!

Om du har lyst til å vere med oss på laget – ikkje nøl, send oss ein søknad.  Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Søknadane vert vurdert etter kvart som dei kjem inn, så ikkje vent med søknaden din.

 

Relevante lenkjer

Link til søknadsskjema: Søk her