Sjukepleiarar med ønske om god eldreomsorg?

  • Heltid
  • ØLEN, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 14. oktober 2025

Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter

Vil du vere med og skape ein trygg og god kvardag for våre bebuarar? Vil du utvikle deg innan fagområdet? 

Ølen omsorgssenter søker 4-5 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar som vil bidra til å vidareutvikle våre tenester og sikre høg kvalitet i omsorga. Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og tverrfagleg miljø, der bebuarane står i sentrum. Jo fleire me er – jo betre kvalitet på tenesta og gode arbeidsdagar for tilsette! Me ønsker fleire med på laget for å bygge ein god grunnmur for tenester og for de som tilsette på alle avdelingar samt natt.

Ølen omsorgssenter har ei avdeling for somatisk langtid med 14 bebuarar og korttid/rehabilitering med 13 plasser. Ein har tilsynslege 2 dagar i veka og fysio/ergo er tett knytt til korttid/rehabiliteringsavdelinga. 
Natt server begge avdelingane med 2 tilsette kvar natt samt nattpatruljen (heimetenesta natt) i bygdane.
Ølen omsorgssenter har og eige produksjonsskjøkken. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
  • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
  • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
  • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.

Me kan tilby:

  • Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. 
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn som ved 8 års ansienitet frå første dag
  • 25 000,- over garantilønn for arbeid på dag/kveld
  • 40 000,- over garantilønn for arbeid på natt
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter – meir jobb i helga, meir pengar i lomma!

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Du vil yte gode tenester i eldreomsorga og for bebuarane.
  • Du har interesse for faget og held deg oppdatert – og likar å finne nye måtar å arbeide på.
  • Du har eit sterkt ønskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet og trivst med hektiske arbeidsdagar.
  • Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi best mogleg tenester – bebuaren kjem først!
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingar – som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver!
  • Du verdset eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Link til søknadsskjema: Søk her