Sivdamheimen 1, Time kommune
Tilkallingsvikarar / helgestillingar i Time kommune.
Det vil til tider vera behov for ringevikarar og helgestillingar på Sivdamheimen 1. etg og Bryneheimen 1. og 2. etg.
Bryneheimen har totalt 61 pasientar fordelt på to etasjer, hvor av 8 av plassene er tilrettelagt for personar med demens. Sivdamheimen 1.etg er ei avdeling fordelt på tre fløyer med 22 plasser for personar med demens. Alle avdelingar er langtidsavdelingar.
Du legg inn ein generell søknad der du oppgjer kva stilling du er interessert i, tilkallingsvikar eller helgestillingar. Skriv gjerne om du foretrekk Bryneheimen 1. etg, 2. etg eller Sivdamheimen 1. etg.
Leiarane i dei forskjellige avdelingane vil ved behov ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.
Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar.
Det er krav om politiattest for alle områda.
Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag.
Arbeidsoppgåver
Vera med og gje omsorg og stell etter dei retningslinjene som er i kvar avdeling
Tilrettelegging av sosiale aktivitetar
Bidra til trygt og sosialt miljø for beboerar
Praktiske gjøremål
Kvalifikasjonar
Studentar, elevar med helsefagleg bakgrunn
Andre med erfaring innan sjukeheim
Offentleg godkjenning som sjukepleier/vernepleiar/helsefagarbeidar
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Tek initiativ og kan arbeida sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Likar nye utfordringar
- Me legg vekt på at dei tilsette er eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Monica Taksdal, Assisterande leiar, 47631054, monica.taksdal@time.kommune.no
Arbeidsstad
Røyrvika 12
4344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5015754643
Stillingsprosent: 0%
Anna