Norway`s best
Ekstrahjelp – Servicemedarbeidar til Flåm Bakeri
Deltid – helger og kveldar hausten/våren, moglegheit for fulltid i sommarsesongen
Vil du ha ei kjekk ekstrajobb i eit levande miljø midt i Flåm? Flåm Bakeri & Kafé søkjer servicemedarbeidarar til helger og kveldar fram mot sommaren – med moglegheit for heiltidsstilling i høgsesongen.
Hos oss får du vere ein del av eit triveleg team som skaper gode opplevingar for både lokalbefolkning og turistar. Vi serverer fersk bakst, heimelaga pizza, salatar, sandwichar og god drikke – i koselege lokale og på uteserveringa ved kaia i Flåm.
Arbeidsoppgåver
- Gje personleg og hyggeleg kundeservice
- Lage baristakaffi
- Handtere kasse
- Servering, dekking og rydding av bord
- Førebu sandwichar og salatar
- Ha kunnskap om produkta på menyen
Kven er du?
- Du er minst 18 år
- Du kommuniserer godt på engelsk (skandinavisk språk er ein fordel)
- Du har gjerne erfaring frå service, men det viktigaste er at du er serviceinnstilt og glad i folk
Vi tilbyr
- Ekstrajobb i helger og kveldar gjennom hausten og våren
- Moglegheit for fulltid i sommarhalvåret
- God opplæring, trivelege kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø
- Rabatt på Norway’s Best sine produkt og aktiviteta