Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Helse Bergen HF
Vikariat som personalkonsulent ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Laboratorieklinikken.
Om avdelinga:
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) har om lag 370 tilsette og er med dette den største avdelinga tilhørande Laboratorieklinikken. Avdelinga har 12 analytiske og 3 ikkje-analytiske seksjonar, 3 legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg. Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Om personal- og driftstøttegruppa:
Avdelinga har eigen seksjon for personal- og driftsstøtte som er ansvarleg for personaladministrative oppgåver. Seksjonen har i dag fem tilsette som gir rettleiing og bistår dei øvrige seksjonane og einingane i avdelinga når det gjeld personalarbeid. Personal- og driftstøttegruppa er ein stor bidragsytar i avdelinga sitt HMS arbeid og er ansvarleg for utarbeiding av arbeidsplanar til fleire av seksjonane i avdelinga. Dei tilsette i personal- og driftstøttegruppa deltar aktivt i rekruttering og oppfølging av nye tilsette og har fokus på eit inkluderande arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Driftsstøtte til sjefbioingeniør og avdelingleiar
- Ansvar for personaladministrative oppgåver som turnusplanlegging, dag til dag styring i GAT med vaktlister og føring av fråvær
- Delta i forbetringsarbeid ved avdelinga
- Blodprøvetaking
- HMS arbeid
- Andre relevante arbeidsoppgåver etter behov, tilpassa avdelinga sine prioriteringar og utvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør eller annan helsefagleg utdanning
- Erfaring frå personalarbeid og turnusplanlegging vil vere ein fordel
- Gode datakunnskapar
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
- Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert arbeidsstil
- Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og set pris på å samarbeide med kollegaer
- Du ser etter løysingar
- Nøyaktig, sjølvstendig og strukturert
- Du har evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Sterk på avgjerder og gjennomføring
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ei avdeling i utvikling, med kollegaer som er opptatt av å lære
- Kollegaer som ser og tek vare på kvarandre i ein hektisk kvardag
- Dagstilling
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.bobo@helse-bergen.no
Anne Grete Aune, Seksjonsleiar, 55973123, anne.grete.aune@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5014564293
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 31.10.2026
Søknadsfrist: 12.10.2025