Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen HF
Vil du vere med på å forme kva tenester laboratoriet skal tilby i framtida? Ønsker du ein legejobb der du i stor grad styrer din eigen arbeidskvardag, med moglegheit for fordjuping i fleire medisinske problemstillingar? Som LIS hos oss får du ein unik moglegheit til å bidra til diagnostikk, forsking og utvikling innan eit fagfelt som stadig er i endring.
Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) tilbyr eit breitt spekter av diagnostiske tenester som dekker alle fagområda innan medisinsk biokjemi. Avdelinga driv og forskings- og utviklingsaktivitet knytt til fleire av fagområda.
Avdelinga har tre legegrupper: Hormonlaboratoriet si legegruppe, Seksjon for medisinsk biokjemi og Seksjon for klinisk farmakologi. Stillinga er knytt til Hormonlaboratoriet si legegruppe, som i dag har 2,6 overlegestillingar og to LIS.
Totalt har avdelinga 350 tilsette, fordelt på legegruppene, 12 analytiske seksjonar, ei eiga kvalitetsgruppe, IT-gruppe og stabsfunksjonar. Som lege ved avdelinga vil du ha arbeidsstad ved Laboratoriebygget ved Haukeland universitetssjukehus. Cand.med. kan òg søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar.
Ved eventuell forlenging av stillinga kan tilsett lege få tilbod om å bytte arbeidsstad til Seksjon for medisinsk biokjemi. Teneste ved både Hormonlaboratoriets legegruppe og Seksjon for medisinsk biokjemi er nødvendig for å oppnå læringsmåla i medisinsk biokjemi.
Arbeidsoppgåver
- Vaktordning på dagtid (8-16)
- Vurdering og kommentering av analysar
- Rådgiving og rettleiing til rekvirerande legar og andre
- Delta i arbeid knytta til metodeutvikling, referansegrenser, kvalitetsutvikling og etablering av nye analysar
- Gjennomføre oppgåver i samband med akkreditering og kvalitetssikring
- Moglegheit for fordjuping innan avdelinga si verksemd
- Bidra med undervisning av andre tilsette i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i medisinsk biokjemi
- Cand.med. kan og søke og bli vurdert for vikariat dersom det ikkje er kvalifiserte søkarar
- Teneste ved laboratorium vil bli vektlagd
- Relevant klinisk tjeneste vil bli vektlagd
- Søkar må meistre norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten B2)
- God skriftleg dokumentasjonsevne
- Søkar bør kunne utarbeide skriftleg informasjon på nynorsk
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagfeltet medisinsk biokjemi
- Du tar initiativ til forbetring/utvikling i avdelinga
- Du har god fagleg vurderingsevne og arbeider strukturert og målretta
- Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor kollegaer og samarbeidspartnarar
- Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
- Du har oversikt over eigne oppgåver og klarer å prioritere mellom desse
- Du kan følge opp delegerte oppgåver
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
- Du vil få ein overlege som rettleiar under spesialistutdanninga
- Teneste som er relevant for spesialistutdanning i medisinsk biokjemi
- Fagleg utvikling og moglegheit for fagleg fordjuping innan særskilde fagområde i medisinsk biokjemi
- Gode moglegheiter for forsking innan vår forskingsverksemd
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Viste, Seksjonsoverlege, 55977812
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5018201983
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.11.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 10.10.2025