Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig vikariat i 100% som seniorkonsulent/rådgjevar i fakultetsadministrasjonen.
Fakultetsadministrasjonen er lokalisert på alle HVL sine fem campus. Vikariatet har arbeidsstad på campus Førde, og varer til 30.06.2026, med moglegheit for forlenging.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
- Utføre studieadministrativt arbeid, inkludert kvalitetssikring av studieprogram, emne og studentopplysingar, sakshandsame ulike studentsaker, og førebu saker til råd og utval
- Rettleiing av tilsette i bruk og integrasjon av relevante fagsystem og digitale læringsverktøy
- Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle
-
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
- Gode IKT-kunnskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Erfaring frå studieadministrativt arbeid ved høgskule eller universitet er ein fordel
- Erfaring med bruk av Felles Studentsystem (FS) og Kjennskap til digitale læringsverktøy (som til dømes Canvas), er ein fordel
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Bidrar positivt til arbeidsmiljøet
- Løysingsorientert og fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver
- God arbeidskapasitet
- Evne til å setje seg raskt inn i nye oppgåver
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som seniorkonsulent/rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363/1434 – seniorkonsulent/rådgivar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Studieadministrativ leiar, Kristine Tveit
E-post: kristine.tveit2@hvl.no
Tlf: 52 70 26 29