Helge- og tilkallingsvikarar ved psykisk helse og rus

  • Deltid
  • BRYNE, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 30. desember 2026

Døgnteneste, Time kommune

Vil du ha ein meiningsfull ekstrajobb? 
Har du lyst til å bruke ferie – eller ledige dagar elles i året – på å gjere ein forskjell for menneske som treng støtte, meistring og omsorg?
Time kommune søkjer no engasjerte tilkallingsvikarar innan psykisk helse og rus.

Hos oss får du:
Verdifull erfaring innan helse- og omsorgsarbeid
Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
Moglegheit til å bidra til at menneske får ein trygg og meiningsfull kvardag
Me kallar inn til intervju fortløpande – så ikkje vent med å søke!

Slik søker du:
Skriv i søknaden kva for ei avdeling du ønskjer å jobbe ved – og gjerne kvifor
Oppgi om du søker som helgestilling, tilkallingsvikar – eller begge deler
Merk om du ønskjer å jobbe dag/kveld/natt/langvakt.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysning, og du vil kun få ein bekreftelse på at me har mottatt søknaden din. Det vil ikkje bli sendt avslag. 

Våre avdelingar:

Rørvika omsorgsbustadar
Heildøgns omsorgsbustadar for menneske med fysisk, psykisk og/eller kognitiv svikt.
Turnus: dag/kveld/natt/langvakt
Kontakt: avd.leiar Bjørg Bø McDowell, tlf. 958 18 646

Svertingstad/Kolheia bufellesskap
Svertingstad: Døgnbemanna bufellesskap for menneske med samtidig psykisk- og rusliding
Kolheia: Bufellesskap for menneske med psykiske lidingar
Turnus: dag/kveld/natt/langvakt
Krav: førarkort klasse B (manuell) og alder over 18 år
Kontakt: avd.leiar Astri Rosland, tlf. 959 15 934

Meistringssenteret
Gir oppfølging til menneske med utfordringar innan psykisk helse og/eller rus.
Krav: førarkort klasse B (manuell)                                                                                                                                                                                Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387

Svendsenhuset
Dag- og aktivitetssenter som tilbyr eit variert aktivitetstilbod for personar over 18 år.
Krav: søkar må vere over 18 år
Kontakt: avd.leiar Cathrine Kleppe, tlf. 473 88 387

Dette er jobben for deg som er engasjert, fleksibel og ønskjer å bidra til eit varmare samfunn.

Arbeidsoppgåver

Som vikar skal ein være med å gje nødvendig helsehjelp og stell etter dei retningslinjene som ligg føre i kvar avdeling.

Kvalifikasjonar

Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn for eksempel: 
– offentlig godkjendt vernepleiar/sjukepleiar
– helsefagarbeidar og hjelpeplaiar
– sjukepleiar/vernepleiar studentar
– elevar med helsefaglig bakgrunn
– assistentar
– Erfaringar fra arbeid innen helse og omsorg er ein fordel, men opplæring blir gitt.
– Dersom du har anna morsmål enn norsk må du dokumentra at du har tilsvarende B2 nivå

– krav om politiattest
– du forpliktar deg til arbeide i heile perioden du oppgjer

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff/avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

 

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

 

Kontaktinformasjon

Astrid Rosland, Avdelingsleder

Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 30
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5016719283
Stillingsprosent: 0%
Anna
Søknadsfrist: 31.12.2026