Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Det er ledig 100% fast stilling ved Klinikk for sikkerheitspsykiatri: Det er krav om tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd.
* Regional sikkerheitspost (RS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* Lokal sikkerheitspost (LS) søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg med langvakter i helgane
Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S4 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 søker sjukepleiar/Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus og kvar 4 helg
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM2 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2 delt turnus og kvar 3. helg
Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Vil du bidra til å skape meining i tilværet for menneske med vanskelege tankar, åtferd og følelsar og som har utfordringar med mellommenneskelege relasjonar?
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av fem seksjonar. Regional-, Lokal sikkerheitsavdeling, Sikkerheitspoliklinikk, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern.
Vårt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver. Målet vårt er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Sentrale oppgåver er å vurdere og handtere valdsrisiko og samstundes gi omsorg og behandling. Kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe kor miljøpersonell, psykiater/ psykolog, ergoterapeut og sosionom arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.
Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg primærgruppe som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve her vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Lokal Sikkerheitspost (LS) er ein lukka sengepost med 10 døgnplassar. Vi jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348 eller Charlotte Sunde, Tlf. 55958334
Kvalifikasjonar (overskrift)
Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Seksjon S6 har 12 sengerplassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617 eller Anneli Ødemark Dyrdal, Tlf. 55976827
Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie. Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter eit opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern. Vi har i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gi raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM2 er ein lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55956412
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5017714514
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2025