Kommunalområde Helse og omsorg, Haram kommune
Haram omsorgstenester har fram til no vore eitt samla tenesteområde under kommunalområdet helse og omsorg saman med Haram butenester og Koordinering og tildeling. For å styrke leiing, kvalitet og oppfølging, har kommunen no vedteke å dele omsorgstenestene i to geografiske distrikt – og vi søker ein strategisk og engasjert tenesteleiar til Indre omsorgsdistrikt.
Det nye tenesteområdet omfattar: Eidet omsorgssenter, Eidet dagsenter, Heimetenestene Indre og Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)
Du får ei nøkkelrolle i ein sektor med høgt ansvar og stor kompleksitet – og blir ein sentral aktør i utviklinga av tenester som betyr mykje for både brukarar, pårørande og tilsette. Vi ser etter ein leiar som både evnar å tenke stort og handle nært – som vil vere tett på medarbeidarane, og som samtidig vil bidra til å forme framtida sine omsorgstenester.
Dette er ei stilling for deg som vil gjere ein forskjell – både for menneska du leiar, og for innbyggarane du jobbar for.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift og fagleg utvikling i Indre omsorgsdistrikt
- Personalansvar for avdelingsleiarar og oppfølging av arbeidsmiljø
- Økonomistyring og budsjettansvar
- Sikre kvalitet, HMS og gode pasientforløp
- Strategisk utvikling og implementering av tiltak
- Samarbeid med pårørande, tillitsvalde og interne/eksterne aktørar
- Bidra til koordinering og samhandling på tvers av tenesteområda
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med vidareutdanning innan leiing eller administrasjon
- Erfaring frå leiing i helse- og omsorgstenester er ein fordel
- God forståing for økonomistyring, HMS og kvalitetsarbeid
- Kjennskap til offentleg forvaltning og relevante lovar og forskrifter
- Gode digitale ferdigheiter og erfaring med fagsystem
Personlege eigenskapar
- Trygg og tydeleg leiar med evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
- Strukturert og målretta med evne til å prioritere og ta beslutningar
- Strategisk blikk kombinert med nærleik til drift og menneske
- Engasjert, løysingsorientert og utviklingsfokusert
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ei spennande og strategisk leiarstilling i eit nyoppretta tenesteområde
- Moglegheit til å påverke og utvikle helse- og omsorgstenestene i kommunen
- Eit engasjert fagmiljø og ei støttande leiargruppe
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Godt samarbeid med dyktige kollegaer og fagpersonar
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Elin Katrin Vegsund, Kommunalsjef, +47 90853777, elin-katrin.vegsund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5016688156
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 12.10.2025