Fastlege Brattvåg legekontor

  • Heltid
  • BRATTVÅG, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 11. oktober 2025

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Vil du vere med og utvikle framtidas legetenester i Haram kommune?

Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til ei spennande og ny utfordring. Legen vil starte som fastlege i 100% stilling ved Brattvåg legekontor i januar 2026. I tillegg til fastlege, vil du også inngå i helsestasjonen som helsestasjonslege i om lag 20% stilling. Frå 2027 vert stilinga omgjort til 50% fastlege i pasientbehandling ved Brattvåg legekontor og 50% tilsynslege ved kommunal institusjon. Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere klinisk pasientarbeid i allmennpraksis med faglege utfordringar, og kontinuitet som tilsynslege ved omsorgssentra i kommunen. Haram kommune har to omsorgssenter sentralt plassert i Brattvåg og på Eidet. Haram omsorgssenter har 16 korttids- og 24 langtidsplassar, og Eidet omsorgssenter har 10 korttids- og 33 langtidsplassar/heildøgnsbemanna omsorgsbustadar. For å sette kommunen i stand til å møte behova i framtida for institusjonstenester, er vi avhengig av ein engasjert og tydeleg tilsynslege som vil vere med å skape gode tenester til bebuarane våre i tett samarbeid med sjukepleiartenesta. 

Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar.

Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og faglege møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gjennomført LIS1 i Norge
  • Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering, eller villig til å starte slikt spesialiseringsforløp
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God kunnskap om norsk lovverk
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
  • Interesse for å vere med å bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
  • Evne til å jobbe i team
  • Evne til fleksibilitet
  • Godt humør og positiv framtoning
  • God arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
  • Du kan velje mellom konkurransedyktig fastløn med påskjønningsløysing eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale innan den kurative delen av stillinga
  • Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar
  • Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin
  • Etter avtale mellom lege og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel
  • Om du er LIS 3 vert du forplikta til å inngå ALIS-avtale med kommunen

Kontaktinformasjon

Elly Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.no
Linn Jenny Morsund, Avdelingsleiar, 41446306, Linn.Jenny.Husoy.Morsund@Haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4996314435
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 12.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted