ID 1020 Omsorg når det trengst – bli vår tilkallingsressurs i pleie og omsorg

  • Deltid
  • , NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 30. desember 2025

Fitjar kommune søkjer fleire tilkallingsvikarar med hjarte for omsorg

Har du eit medmenneskeleg blikk og ønskjer å bidra når behovet oppstår? Vi treng deg som kan stille opp som tilkallingsvikar ved Fitjar bu- og behandlingssenter og i heimesjukepleien , både til inne- og utetenester. Her får du moglegheita til å gjere ein forskjell — på dagar der nokon treng deg aller mest.

Kvalifikasjonar:

  • Gjerne sjukepleiarstudent eller student/elev innan helse, ufaglærte kan også søkje dersom ein har litt praksis/erfaring.

  • Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg

  • Gode evner til å jobbe sjølvstendig og samarbeida med andre

  • Interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov

  • Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift

Me tilbyr:

  • Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk

  • God forsikrings- og pensjonsordning

  • God opplæring og rettleiing

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju. Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju fortløpande. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Olav Sande, einingsleiar pleie- og omsorg, tlf. 9360 9390

Søknadsfrist: Snarast, tilsetjing fortløpande ut oktober 2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted