Medisinsk poliklinikk Haugesund sjukehus
Er du diabetes sjukepleiar – eller sjukepleiar med erfaring og interesse for diabetesfaget?
Vi har ledig 100 % dagstilling som diabetes sjukepleiar ved medisinsk poliklinikk. Arbeid kvar 4. helg på hemato/endo/infeksjon sengepost (medisin B).
På poliklinikken jobbar vi innan hematologi, endokrinologi, kreft og infeksjon. Vi har òg ei dagbehandling der vi gir infusjonsbehandling. Her finn du eit tverrfagleg miljø med legar, sjukepleiarar, merkantile og fotterapeutar – og mange pasientar med diabetes som treng oss.
Vi har allereie dyktige diabetessjukepleiarar hos oss – men vi treng fleire kollegaer på laget. Hos oss får du god opplæring og blir del av eit sterkt fagmiljø.
👉 Søk via lenka!
Tiltreding etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Polikliniske konsultasjoner for pasienter med diabetes
- Opplæring og veiledning til pasienter som har medisinsk teknisk utstyr
- Tilsyn av diabetespasienter på sengeposter
- Kurs og undervisning
- Assistere leger ved avdelingen
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjuepleiar med videreutdanning innen diabetes.
- Sjukepleiar med erfaring frå diabetesfaget og som har ønske om å ta videretutdanning innan området.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg ?
Vi ser etter deg som er:
- målretta og engasjert
- ein god lagspelar som bidreg til fellesskap
- tilpassingsdyktig og løysingsorientert
- ansvarsbevisst og påliteleg
- systematisk og nøyaktig
- sjølvstendig, men trivs og i team
- serviceinnstilt og positig
- god på kommunikasjon
Personlege egenskapar blir vektlagd.
Kvifor velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Opplæring vil bli gitt.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppmodnar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen (www.vitnemålsportalen.no) for å laste opp sine vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at kokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Har du teke utdanning i utlandet, må godkjenning frå UDIR/NOKUT leggjast ved søknaden. Om du ikkje finn alle dei relevante vitnemåla dine i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Hilde Cathrine Espeland, Funksjonsleiar, +47 91604403, hilde.cathrine.espeland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5011308406
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025