Kokk til original thai mat i matvogn i Eidfjord Sentrum

  • Heltid
  • EIDFJORD, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 14. mars 2026

Anchalee's Thai Mat Nakprasert A/S

Vi søker inntil 6 kokker, som kan koke original thai mat, i matvogn(food truck), i Eidfjord sentrum. Sesongarbeider – inntil 6 mnd. arbeidsavtale.

Vi koker og serverer original thai mat – street food. Du må kunne thai mat, med dei forskjellige smakane og kryddera. Utover det får du opplæring i korleis våre rettar skal smake, slik at dei smaker likt – uansett kven som lager dei.

Du må vere fleksibel, då det vert litt skift, og helgejobbing.

Hovedoppgåva består i koking av thai mat. Men du må også i forkant vere med på forberedelsar som kutting av grønnsaker, skjæring av kjøtt osv. Daglig reinhold i vogna er også blant arbeidsoppgåvene.

Det som er viktig er at du kan koke original thai street food, er systematisk – og ser kva som skal gjerast – i forkant. Det er og til tider stort arbeidspress, og det er viktig og vera hurtig, ha god orden – same ting på same plass – så ein slepp leita etter ting, legga plan – forbereda – både for seinare same dag – og sjå kva vi treng for morgondagen – og vidare. Ha kontroll på varelager. Med andre ord – arbeide sjølvstendig.

Det vil bli foreteke samtale/interjuv før ein evt. ansettelse.