Hjemmetjenester Midt-Telemark
Ynskjer du å bidra i heimetenesta?
Heimetenesta i Midt-Telemark har behov for fleire tilkallingsvikarar. Me søkjer etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar som kan stille opp ved behov.
I heimetenesta jobbar ein både ute på bygda i private bustader og inne i omsorgsbustader.
Avdelinga er delt inn i tre soner: Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som arbeider målretta med prinsippet «kva er viktig for deg» innan ulike fagområde som demens, sårbehandling, respirasjon, kreftomsorg, innsatsteam og sjukepleiarprosedyrar. Innsatsteamet gir tett oppfølging til pasientar som i periodar treng ekstra støtte for å meistre kvardagen på eiga hand.
Me samarbeider på tvers av sonene, og fleire tilsette arbeider i fleire soner.
Søknader vert vurdert fortløpande og ut frå behov.
Arbeidsoppgåver
- Helsetenester og oppfylging av pasientar
- Samarbeid med pårørande
- Dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B1 nivå
- Førerkort klasse B
Ønska kompetanse
- Helsefagarbeider, sjukepleiar, vernepleiar eller pleiemedarbeider
- Erfaring frå helseteneste
- God kjennskap til bruk av pc/nettbrett/mobil som verktøy, jf. dokumentasjonsplikta
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling
- Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302
Arbeidsstad
Gamleveg 46
3802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5013756272
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Søknadsfrist: 31.12.2025