Aktiv ung gut på 15 år søker BPA-assistent.

Prima Assistanse avdeling Møre og Romsdal

Aktiv 15-åring i Sande søker BPA-assistent til laget sitt!

Eg er ein ungdom som elskar gaming, manga og å vere i aktivitet – og no ser eg etter ein tilkallingsassistent som vil bli med meg både i kvardagen og på fritida.

Hos meg blir det aldri heilt kjedeleg: ein dag kan vi henge i gymsalen, ein annan dag går turen til fjellet, treningssenteret eller sjøen. Innimellom reiser vi òg rundt i Noreg – og kanskje litt lengre – så det er fint om du synes det er spennande med litt variasjon.

Eg både går og brukar armane sjølv, så oppgåva di blir først og fremst å gi støtte slik at aktivitetane mine blir gjennomført på ein trygg og forutsigbar måte.

Vi tilbyr:

  • God opplæring av arbeidsleiar (mor) og kurs gjennom Prima Assistanse.
  • Trygt og stabilt arbeidsmiljø.
  • Moglegheit til å vere med på reiser.
  • Lønn etter tariff.

Vi ser etter deg som:

  • Er trygg, stabil og til stades i situasjonen.
  • Har energi, humor og kan by på deg sjølv.
  • Trivst med ungdom og likar å vere sosial.
  • Er god på kommunikasjon og flink til å vere i forkant.
  • Er i god fysisk form.
  • Har førarkort klasse B.
  • Snakkar flytande norsk.

Alle tilsette må levere plettfri vandel (politiattest).

Høyrest dette ut som noko for deg?

Send oss ein søknad med CV og referansar. Vi intervjuar fortløpande, og oppstart er etter avtale.