Bioingeniør

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 27. september 2025

Medisinsk biokjemi Haugesund sjukehus

Vil du bli ein del av vårt fantastiske team innan medisinsk biokjemi?

Vi har no ein fast stillingar ledig og ser etter deg som ønskjer ein spennande og variert arbeidskvardag. Hos oss får du jobbe med fagområde som:

  • Klinisk kjemi
  • Hematologi og koagulasjon
  • Allergi og elektroforese
  • Prøvehandsaming
  • Pasientnære analysar
  • Prøvetaking

Hos oss får du arbeide med topp moderne utstyr og eit heilautomatisert bandsystem som gir deg ein effektiv og spennande kvardag. Du får arbeide i eit nyoppført sjukehusmiljø med lyse, trivelege lokale – og panoramautsikt over vakre Smedasundet.

Kva kan du forvente?

  • Turnusarbeid på 35,5 timar i veka
  • Arbeid omtrent kvar fjerde helg etter fullført opplæring
  • Nært samarbeid i eit tverrfagleg miljø, som skapar ein engasjerande arbeidskvardag
  • Ein avdeling som er akkreditert etter ISO standard– din garanti for kvalitet og kompetanse

👉 Søk no!

Intervju blir gjennomførte fortløpande, og vi er fleksible når det gjeld oppstartsdato. Ta kontakt med Benedikthe om du har spørsmål!
Det er òg ledige vikariat som varer over lengre periodar. Ver venleg og nemn i søknaden din om dette er av interesse. Nyutdanna vert oppfordra til å søkje.

Kva går jobben ut på?

Rutinedrift på ulike fagområder som:

  • Prøvehandtering og preanalytisk arbeid
  • Hematologi og koagulasjon
  • Klinisk kjemi/immunokjemi
  • Pasientnær analysering ved bl.a blodgassmaskinar og urinanalysar
  • Prøvetaking av polikliniske og inneliggende pasientar, inkludert øyeblikkelig hjelp

På vakt vil ein samarbeide med ein annan bioingeniør og to helsesekretærar. Då vil oppgåvene ovanfor variere

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid innanfor medisinsk biokjemi eller annan relevant arbeidserfaring
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er sjølvstendig, ansvarsbevisst og strukturert
  • trivst i eit aktivt miljø
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er serviceinnstilit
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • har høg arbeidsmoral 

Kvifor skal du velje oss?

  • Triveleg arbeidsmiljø og godt kollegialt klima
  • Sosiale sammenkomster gjennom året
  • Høyt faglig driv

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Benedikthe Celine Hartvigsen, Funksjonsleiar, +47 93827930

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4991977015
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted