Hareid kommune, Skjerma eining
Sektor for velferd er i omstilling og utvikling for å imøtekome behova for helsetenester i framtida. Vi vil ha behov for dyktige sjukepleiarar i heimeteneste og sjukeheim, både på natt og dag/kveld. Antall stillingar er ikkje avklart, men vi har per i dag ledige 100% faste stillingar for tida knytt til skjerma eining, heimetenesta og bueininga. Korttidseininga og heimetenesta har ledige vakter på natt, som kan kombinerast med eventuelt tredelt turnus.
Søknadsfristen er 28.11.25 og kvalifiserte søkjarar vert vurderte fortløpande.
Våre pasientgrupper krev at vi har høg, fagleg kompetanse. Innanfor dei ulike felta i sektoren møter vi mange nye utfordringar, og einingane er i kontinuerleg fagleg utvikling. Dette krev at våre tilsette er fleksible og velvillige overfor endringar.
Arbeidsoppgåver
- medisinsk og sjukepleiefagleg oppfølging med ansvar og vurderingar
- pleie- og omsorgsoppgåver
- tett samarbeid med sjukeheimslege, fysioterapeut, heimetenesta og dei andre sjukeheimseiningane
- sikre at tenester blir gitt på ein fagleg forsvarleg måte, og i tråd med målsetting og vedtak
- rettleie, undervise og informere pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
- medansvar for internkontroll, kvalitetssikring og HMS
- bruk av velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av einingane
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
- autorisasjon som sjukepleiar. Gjerne med vidareutdanning innan relevante fagområder
- god digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
- godt norsk språk, både skriftleg og munnleg (nivå B2)
- du må kunne jobbe turnus
- krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta
- det er krav om politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause.
Du har evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner og utøver dette til beste for pasient, pårørande og tilsette. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne. Du må ha fokus på personsentrert omsorg.
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral er viktig for oss. Du må bidra til eit godt arbeidsmiljø og trivsel i kvardagen.
Vi tilbyr
- ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsfellesskap
- spanande og faglege utfordringar
- kurs gjennom NHI og Visma-veilederen
- forsikrings- og pensjonsordning gjennom KLP
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar heimeteneste, 46801312, sutharsiny.satheeskumar@hareid.kommune.no
Synnøve Nystøyl, Einingsleiar skjerma, 91148945, synnove.nystoyl@hareid.kommune.no
Karoline Røvreit Flø, Einingsleiar korttids og bueining, +47 94198242, karoline.rovreit.flo@hareid.kommune.no
Arbeidsstad
Teigevegen 55
6060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommune
Referansenr.: 4985859892
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.11.2025