Ungdomsrettleiar 100% fast

  • Heltid
  • HUSNES, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 15. september 2025

Kvinnherad kommune NAV Kvinnherad

NAV KVINNHERAD – Me søkjer engasjert medarbeidar til nytt ungdomstilbod!

Er du engasjert i arbeid med ungdom og ønskjer å vere med på å utvikle eit nytt og viktig aktivitetstilbod for unge i Kvinnherad? Avdeling for marknad og arbeidsretta oppfølging ved NAV Kvinnherad lyser no ut ei spennande stilling der du får høve til å bidra med å realisere intensjonane i sosialtenestelova §20a – med mål om å styrkje oppfølginga av unge som står utanfor arbeid og utdanning.

Ved NAV Kvinnherad er me 36 tilsette. I vår nyoppretta avdeling for marknad og arbeidsretta oppfølging er det 15 dedikerte medarbeidarar frå både stat og kommune. Her har me fokus på arbeidsretta oppfølging av dei som har behov for tenestene til NAV, på tvers av ulike fagområde.

I NAV jobbar me for at menneske skal få moglegheit til arbeid eller anna aktivitet. Me ser difor etter deg som er kreativ og jaktar gode resultat og løysingar til beste for brukarane av våre tenester. NAV er ein lærande organisasjon i stadig utvikling, og me har stort fokus på inkluderingsarbeid, marknadsarbeid og relasjons- og kommunikasjonsarbeid. Synest du dette verkar spennande og noko du kunne tenkje deg å jobbe med? Då er det kanskje akkurat deg me er på jakt etter!

Om stillinga:

Me søkjer ein medarbeidar som skal:

  • Vere med å etablere og vidareutvikle eit nytt aktivitetstilbod for ungdom i tråd med sosialtenestelova §20a.
  • Jobbe tett saman med ungdomsrettleiar i oppsøkande team for å sikre heilskapleg og koordinert innsats.
  • Utføre både sosialfagleg og arbeidsretta oppfølging av eigen brukarportefølje.
  • Bidra til å skape trygge og motiverande arenaer for ungdom, med fokus på meistring, deltaking og vegen vidare mot arbeid eller utdanning.
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar, inkludert skule, helsetenester, frivillige organisasjonar og næringslivet.
  • Du må vere budd på til tider stort arbeidspress.
  • NAV er i stadig utvikling, og andre/nye oppgåver må reknast med.

Kvalifikasjonar  

Me ser etter deg som:

  • Har relevant utdanning innan sosialt arbeid, pedagogikk, helse eller anna samfunnsretta retning.
  • Har erfaring med ungdomsarbeid, gjerne frå oppsøkande eller aktivitetsbaserte tiltak.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

  • Er god på relasjonsbygging og har evne til å møte ungdom med respekt, tryggleik og engasjement.
  • Er fleksibel, løysingsorientert og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team.

Me tilbyr:

  • Ei meiningsfull stilling der du får vere med å forme eit nytt tilbod frå starten av.
  • Eit engasjert og tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på utvikling og samarbeid.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.  
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.  
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.  
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.  
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.  
  • Ingen eigedomsskatt pr i dag for hus, hytter og næring.  
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.   

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted