Ringevikarar – Vestbygd skule

  • Deltid
  • FREKHAUG, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 2. september 2026

Om stillinga

Vestbygd skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Vestbygd skule ligg fint til i Holmemarka fem minutt nordvest for Frekhaug i Alver kommune. Det tek om lag10 minutt med bil frå Nordhordlandsbrua.
Skulen har 147 elevar fordelt på 1.- 7.trinn. Det er språkdeling på fleire av trinna. Skulen er med i programmet Trivselslederne. Det er for tida omlag 35 tilsette ved skulen, og arbeidsmiljøet er godt. Skulen har eit flott uteområde sominnbyr til mange ulike aktivitetar

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted