Ringevikarar – Alversund skule

  • Deltid
  • ALVERSUND, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 2. september 2026

Om stillinga

Alversund skule ønskjer å knyte til seg personar som skulen kan ringje når dei har behov for lærarvikarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pedagogisk medarbeidarar til skule og SFO.

Det kan også verte aktuelt med kortare og lengre vikariat.

Alversund skule er ein ny, flott barneskule med ein fantastisk beliggenheit ved vakre Alverstraumen. Vi har eit dedikert team på rundt 50 tilsette som brenn for å skape ein inspirerande læringsarena for våre 332 elevar. Vi praktiserer trinndelt undervisning med fokus på elevmedverknad og aktiv læring. 
I SFO-avdelinga vår har vi gleda av å ta imot rundt 120 glade og energiske born.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva som ringjevikar er å gå inn i den stillinga der det er fråvær og behov for vikar.

Kvalifikasjonskrav

For stillinga som lærarvikar er det ønskjeleg med godkjent lærarutdanning, eller under pedagogisk utdanning. Søkjarane må minumim ha studiekompetanse.

For stillingane som barne- og ungdomsarbeidar er det ønskjeleg med fagbrev, men vi oppmodar også personar med relevant erfaring/realkompetanse til å søkje.

Gyldig politiattest etter opplæringslova må leggast fram.

Vi tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted