Mann på 30 år treng assistent på dagtid

Prima Assistanse avdeling Vestland

Eg er ein kjekk kar på 30 år som treng ny assistent. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg er interessert i politikk, landbruk og musikk, og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn. Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar, bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, fest og alt som gjev adrenalin. Eg ser etter ein assistent som kan sjå og tåla ein spøk, samt ein som er påliteleg og kan ta i eit tak. Det er ingen krav til utdanning, men å vere personleg eigna til jobben vektleggast.

 Oppstart:

  • Snarast

Arbeidstid:

  • Eg søkjar etter deg som kan jobbe på dagtid (20%). Vakta starter kl 8 og varer til 15:30. Vakta kan av og til bli noko lengre etter avtale. Det er mulig å jobbe ekstra ved sjukdom hos andre assistentar eller ferieavvikling.

 Søknadskrav:

  • Du må ha fylt 18 år
  • Du må ha førerkort. Eg har automat bil.
  • Du må ha plettfri vandel

1. gongs intervju kan skje nettbasert dersom tilhøva tilseier det. 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted