Tilkallingsvikarar i dei kommunale barnehagane i Midt-Telemark.

Midt-Telemark kommune

Midt-Telemark søkjer etter trygge og engasjerte tilkallingsvikarar som vil jobbe hos oss.

Me søkjer tilkallingsvikarar ved:

  • Folkestad barnehage, som ligger i Folkestadfeltet.
  • Gullbring barnehage, som ligger ved Bø hotell.
  • Bøhamna barnehage, som ligger ved USN. 

 Huk av på spørsmål på kva for barnehage som er mest aktuelt.

Om du er interessert i ein meiningsfull ekstrajobb, og har lyst til å bli kjend med trivelege barn og kollegar, send oss ein søknad i dag.
Vi tek kontakt fortløpande med aktuelle søkarar etterkvart som behovet oppstår.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i gjennomføring av pedagogisk arbeid i tråd med rammeplanen og barnehagens årsplan.
  • Delta i daglege rutiner på avdelinga.
  • Delta i leik og samspel med barn, og bruke språket aktivt.
  • Delta i dagleg kontakt med foreldre.
  • Andre praktiske oppgaver, som for eksempel:
  • Tilbrede og rydde til måltid.
  • Rydde og klargjøre avdelinga.

Kvalifikasjonar

Ønska kvalifikasjonar/kompetanse:

  • Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomssarbeidar.
  • Ønskjeleg med anna relevant utdanning, f.eks barnehagelærar eller spesialpedagog.
  • Ønskjeleg med erfaring fra arbeid med barn i barnehage, eller anna relevant arbeidserfaring med barn. 

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Barnehageloven § 30. Skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Tilfredsstillande norskferdigheitar, jmf. barnehageloven § 27.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape trygge relasjoner med barn. 
  • Vere fleksibel og kunne jobbe på fleire avdelingar.
  • Trivas med å jobbe både ute og inne.
  • Vere ein god rollemodell som bidrar til å skape meiningsfylte dagar for barna og eit godt arbeidsmiljø.
  • Stabil og høg arbeidskapasitet.
  • Helse som er foreineleg med arbeidet.

Personlig eignaheit vil bli vektlagt.

Me tilbyr

  • Engasjera kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune.
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Astrid Hegna, Styrar, 97101988
Tone Forberg, Styrar, 95871091
Ingvild Tovslid Aase, Styrar, +47 91992946

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5006879259
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted