Lærling i barne- og ungdomsarbeiderfaget

  • Heltid
  • BRATTVÅG, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 30. januar 2026

Haram kommune har ledige stillingar som lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er ikkje avgjort kor læreplassane blir enno, men søkarar kan gjerne skrive i søknaden kor dei primært ønsker læreplass.

Læreplassane er i t.d. barnehagar, skule og SFO.

Vi søkjer deg som er lærevillig, engasjert og interessert i faget. Er du i tillegg påliteleg og har godt humør, vil vi gjerne høyre frå deg!

I søknaden ber vi deg gi opp følgjande informasjon: referanse frå lærar vg2 + kontaktinfo til lærar, kopi av karakterprotokoll frå vg1,og kopi av karakterprotokoll frå 1.termin – vg2.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å gje god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggjar som søker om tenester.

Oppstart etter avtale. Vi ser fram til å motta søknad frå deg!

Arbeidsoppgåver

Barne- og ungdomsarbeidaren legg til rette og vel formålstenlege pedagogiske metodar i arbeid med barn og unge i alderen 0 – 18 år

Sentrale arbeidsområde er:

  • planlegging, leiing, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar for barn og unge
  • legge til rette for leik og fysisk aktivitet med utgangspunkt i den einskilde sitt funksjonsnivå og livssituasjon
  • bruk av forming, song, leik, musikk, litteratur og drama i det daglege arbeidet
  • kommunikasjon med menneske med ulik kulturell bakgrunn, livssyn og sosial status
  • samarbeid med barn og unge, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • grensesetting, konfl iktløysing og å vere ein tydeleg vaksen
  • dokumentere opplæringa i olkweb

Kvalifikasjonar

  • Fullført og bestått vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Fullført og bestått vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
  • Legge fram politiattest ved tilsetjing
  • Løyve til å bu og arbeida i Noreg

Personlege eigenskapar

  • Interessert i å jobbe med barn og unge
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Positiv, engasjert og omsorgsfull
  • Lærevillig og initiativrik
  • Fleksibel, ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Lærekontrakt og arbeidsavtale i tråd med Opplæringslov og Arbeidsmiljølov
  • Opplæring og faglege utfordringar i eit positivt arbeidsmiljø
  • Lønn i tråd med hovudtariffavtale. Ein lærling har ei fagarbeidarlønn fordelt på 2 år
  • Varierte arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande læreplan og arbeidsinstruks
  • Fagleg rettleiing av godkjende faglege leiarar og erfarne instruktørar
  • Oppfølging, kurs og samlingar gjennom opplæringskontora

Kontaktinformasjon

Marit Volstad, Dagleg leiar, fleirfagleg opplæringskontor Sunnmøre og Romsdal, 907 97 267, marit.volstad@naaopp.no
Kristin Bryn Westre, Rådgjevar, 95077397, kristin.bryn.westre@haram.kommune.no
Karianne Aamås Beite, HR Rådgivar, 95724619, karianne.aamas.beite@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5008234319
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 10.09.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted