Vadheim musikklag
Vadheim Musikklag er eit janitsjarkorps med lang tradisjon og godt miljø.
No er vi på jakt etter ein engasjert og inspirerande dirigent som kan leie oss vidare musikalsk.
Vi er ein sosial og triveleg gjeng i alle aldrar som øver ein kveld i veka i Vadheim i Høyanger kommune.
Vi tilbyr honorar etter avtale og ser etter deg som:
-
har musikalsk kompetanse og interesse for janitsjarmusikk
-
kan motivere og utvikle musikantar på ulike nivå
-
er positiv, inkluderande og samarbeidsvillig
Oppstart: Etter avtale
Ta kontakt: leiar Thea Ljotebø, tlf. 906 32 333, epost: thea.3@live.no
Bli med og sett ditt preg på Vadheim Musikklag — vi gler oss til å høyre frå deg!