Stord kommune
På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me søkjer etter ein engasjert og dyktig kokk til vårt mottakskjøkken på Knutsaåsen omsorgssenter. Arbeid kvar tredje helg må påreknast.
Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim, og me vil i større grad bygje eit samla kompetansemiljø innan kjøkkentenester for begge institusjonane.
Me har frå snarast ledig fast 50 % stilling som kokk med koordinatorfunksjon ved Knutsaåsen omsorgssenter.
Kjøkken koordinatorfunksjonpå mottakskjøkkenet inneber eit overordna ansvar for drift og fagleg utvikling, kvalitetssikring og struktur i kjøkkenarbeidet. Rollen skal bidra til god samhandling og sikre at rutinar og prosedyrar vert følgde og vidareutvikla i tråd med gjeldande krav og behov. Koordinatoren har eit særskilt ansvar for å ivareta ernæringsmessig kvalitet, hygiene på kjøkkenet, og skal vere ein pådrivar for kontinuerleg forbetring og samarbeid med interne og eksterne aktørar.
Kvalifikasjonskrav:
-
Fagbrev som kokk er ønskjeleg
-
Erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken
-
Kunnskap om Internkontroll mat i institusjon
-
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
-
Me oppmodar også deg med relevant erfaring frå institusjonskjøkken eller storkjøkken, utan fagbrev, til å søkje.
-
Du må kunne jobbe sjølvstendig
Arbeidsoppgåver:
-
Tilbereding av måltid i tråd med gjeldande kosthaldskrav
-
Ivareta god hygiene og trygg matproduksjon
-
Kjøkkenkoordinator
Me ønskjer ein person som:
-
Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
-
Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper
-
Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spennande arbeidsoppgåver
-
Engasjerte kollega med ulik erfaring og kompetanse
-
Varierte og spanande arbeidsoppgåver
-
God opplæring og oppfølging
-
Inkluderande arbeidsmiljø – IA bedrift
-
Bedriftshelseteneste
-
Høgt faglig nivå
-
Etablert tverrfagleg samarbeid
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverkk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
For nærare opplysningar, ta kontakt med: Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358