Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Barnehagane i Sogndal kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar.
Her kan du søke som tilkallingsvikar i barnehagane på Leikanger 2025/26;
-
Nybø barnehage
-
Henjahaugane barnehage
Likar du å arbeida med barn, og har høve til å ta på deg arbeid av og til? Då vil me gjerne at du tek kontakt med styrar i barnehagen.
Arbeid i barnehage er variert, interessant, gjevande og du vert kjend med gode og positive barn som lærer kvar dag.
Me kan tilby:
-
Utfordrande, varierande og interessante arbeidsoppgåver
-
Godt arbeidsmiljø
-
Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
-
Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar
-
Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar:
-
Tilsette må levere politiattest
-
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
-
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
-
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Kontaktinformasjon:
-
Nybø barnehage: Aud Torun Strømseng, styrar tlf; 91848818 aud.torun.stromseng@sogndal.kommune.no
-
Henjahaugane barnehage: Lillian Bruheim, styrar. Tlf: 41510202
Link til søknadsskjema: Søk her