Vi søker fleire jobbspesialistar til Nav i Bergen

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 30. august 2025

Jobbspesialist // Arbeid med støtte //Nav Bergen sentrum

Har du trua på at alle menneske kan få og behalde ein vanleg jobb? Har du gode kommunikasjonsevner og er ein nettverksbyggar som vil jobbe med inkludering og rekruttering? Er du ein person som er god på tydeleg kommunikasjon? Då kan du vere den personen vi ser etter.

Vi søker tre motiverte jobbspesialistar med stort pågangsmot og som vil bli del av eit engasjert og nyskapande miljø. Avdelinga Arbeid med støtte har ledig tre faste stillingar som jobbspesialist frå 1. oktober 2025. 

Arbeid med støtte er eit arbeidsretta oppfølgingstiltak i Nav, og som jobbspesialist vil du spele ei sentral rolle i å hjelpe våre brukarar med å finne og halde på arbeid. Som jobbspesialist vil du følge opp deltakarar etter Supported Employment-metodikk, ein metodikk som har svært gode resultat å vise til. Målgruppa for tiltaket er menneske som har behov for individuell bistand for å få og behalde vanleg, løna arbeid til tross for ulike utfordringar. 

Avdelinga består av 24 dyktige og engasjerte jobbspesialister, som er lokalisert i fire team fordelt på alle Nav-kontora i Bergen. Avdelinga jobbar tverrfaglig med utgangspunkt i kvar enkelt brukar sine behov. Hos oss vil du bli møtt av eit stort, engasjert og inkluderande fagmiljø, der vi er opptekne av å levere heilskaplege tenester av god kvalitet. Samarbeid, kunnskapsdeling, kompetanseutvikling og fleksibiliteter viktig i vårt arbeid. Vi gleder oss til å få deg med på laget!

Kontorstad for alle stillingane vil vere Nav Bergen sentrum, men avdelinga leverer tenester til heile region Bergen.  

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge deltakarane sine interessar, sterke sider, eigenskapar og evner, og leggje ein plan for vidare prosess mot jobb
  • Bruke mykje av arbeidsdagen til å oppsøkje bedrifter og byggje nettverk med desse
  • Følge opp deltakarar på arbeidsplassen og involvere aktuelle samarbeidspartnarar
  • Engasjere og motivere både deltakarar, arbeidsgjevarar og kollegaer
  • Ha ansvar for framdrift i eigen portefølje – dokumentere og rapportere arbeidet i eige fagsystem
  • Aktivt bidra til å nå vårt målkrav om 65 % overgang til løna arbeid

Kvalifikasjonar

Desse kvalifikasjonane må du ha i stillinga

  • Utdannning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet om utdanning.
  • Interesse for arbeidsmarknaden og arbeidsmarknaden sine behov
  • God kommunikasjonsevne på norsk, både skriftleg og munnleg 
  • God digital kompetanse 

Desse kvalifikasjonane er det ein fordel om du har

  • Erfaring med inkludering, rettleiing og rekruttering
  • Erfaring med karriereveiledning og samtalemetodikk 
  • Kjennskap til Supported Employment-metodikk

Vi ser etter deg som

  • Kommuniserer godt med ulike menneske
  • Har evne til å skape gode relasjonar
  • Strukturerer arbeidsdagen din på ein god måte
  • Har god arbeidskapasitet 
  • Er god til å handtere uventa hendingar

Vi tilbyr

  • Ein spennande og attraktiv jobb i eit fagmiljø prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
  • Eit arbeidsmiljø med gode og inkluderande kollegaer og med fokus på utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar med lønspenn frå kr. 595 000 til kr. 635 000 per år. For spesielt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse  

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Unni Andersen, Regional avdelingsleder, 45774545, unni.andersen@nav.no

Arbeidsstad

Møllendalsveien 8
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: NAV

Referansenr.: 5003342146
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted