Tilkallingsvikarar

Brattvåg barneskule, Haram kommune

Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2025/2026. Gjeld både timar, deltid og fulltid. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.

Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.

Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.

I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.

I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning (lærarstilling).
  • Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn.
  • Gje barn positiv oppfølging og støtte.
  • Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.
  • Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.
  • Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.
  • Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.
  • Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
  • God digital kompetanse.
  • Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på det enkelte barn.
  • Ha god relasjonskompetanse.
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
  • Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.

Vi tilbyr

  • Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Skulesvingen
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4988695669

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted