EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar. Vestland fylkeskommune søkjar etter motiverte medarbeidarar som er kompetente, opne, pålitelege og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tenestene skjer gjennom godt arbeidsmiljø og mangfald blant tilsette.
Eigedom og utbyggingsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.
Eigedom og utbyggingsavdelinga har totalt ca. 400 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler.
Vi har ledig to 100% faste reinhaldsstillingar frå 01.01.2026 i region Sør, for tida med oppmøte ved Stord Vidaregåande skule på Saghaugen.
Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle. Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskin
- Bruke CleanPilot til dokumentasjon for utført reinhald
- Rapportere til reinhaldsleiar
- Innmelde behov for reinhaldsmateriell
- Sørge for at maskiner og utstyr blir vedlikeholdt etter bruk
- Jobbe i team
- Kontrollere eige arbeid via Insta 800
- Reinhald i regionen ved behov
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar
- Praktisk yrkeserfaring
- Gode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norsk
- God digital kompetanse
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstilt
- Ha evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulen
- Fleksibel
- Kjennskap til databasert verktøy
- Like å jobbe blant ungdom
Vi tilbyr
- Spennande oppgåver
- Engasjerte og dyktige medarbeidarar
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Kontaktinformasjon
Benedikte Haukefær Nygård, Reinhaldsleiar, 95869489, Benedikte.Haukefer@vlfk.no
Monica Tennebekk, Områdeleiar, 97571292
Arbeidsstad
Saghaugen 3
5406 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5002793508
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 28.08.2025